Centauro

söndag

Religiøse er gladare og lever lenger

Fra DagenMagazinet:
"Sterkt truande menneske er meir lukkelege, får færre hjartesjukdomar og lever sunnare og lengre enn andre. Det viser ei stor internasjonal undersøking.
Psykiatriprofessor Harold G. Koenig har over fleire år analysert i alt 2.500 studier i medisinske databasar og faglege artiklar. Koenig, som har grunnlagt The Senter for Spirituality, Theology and Health på Duke University i USA, er ein av dei fremste forskarane i verda på samanhengen mellom tru og helse.
– Mykje av forskinga viser at religiøse menneske har fleire sosiale kontaktar, færre negative og fleire positive kjensler enn andre. Og religion kan vere årsaka til at dei har det bra, seier Koenig, i følgje videnskap.dk.
Svært religiøse menneske – dei som til dømes ber dagleg og går i kyrkja minst ein gong i veka – lever sunnare, er mindre depressive og dør sjeldnare av hjarte-karssjukdomar enn andre menneske. Det at dei er friskare og gladare kan kanskje skuldast at religiøse generelt lever sunnare både psykisk og fysisk."

Inga kommentarer:

Skicka en kommentar